Av Elin Lillebø
Dei er aktuelle med bøkene Skappelstrikk og 30 tøfler: Ett grunnmønster denne hausten.
Kvifor strikking? spør Pål. For strikking er fortsatt ei høgst populær trend og strikkebøker ligg framleis på bestselgarlista. Dorthe kan fortelje at ho alltid har strikka, men det var då døtrene vart interessert i å strikke at Skappelgensaren vart kjend i 2011. Ho er interessert i å lage noko som er raskt, enkelt og brukbart. Arne & Carlos har arbeidd med anna design, men strikka julekuler i 2010 og har strikka sidan det. Carlos nemner to parallelle trendar; ein digital med Facebook, Instagram og Twitter, og ein analog trend der blant anna strikking passar inn. Strikking er også ein sosial trend, og ein måte å vere saman med andre på. Det strikkast både på strikkekaféar og i butikkar.
Rett før denne strikketrenden starta, så var garnindustrien i Noreg på veg nedover. Så mye at det var fare for arbeidsplassar både i industrien og i butikkar. Dorthe har fått fleire takk frå desse som fortsatt har arbeidsplassen sin. Ho er glad i garnbutikkar og samanliknar dei med godtebutikkar der ho kan boltre seg i lekre fargar, og gode garnkvalitetar. Arne & Carlos kan fortelje at norsk garn ikkje er like lett å få tak i når ein er i utlandet. Bøkene deira er utgitt i 15 land, og dei må derfor tilpasse oppskriftene sine etter dei ulike landa.
Om vi ser vekk frå designerduoen, så strikkar vel ikkje gutar? spør Pål. Då ler Arne & Carlos for vikingane strikka jo sine eigne brynjer, men idag møter designerduoen mest strikkande menn i Storbritannia, Nederland og Danmark. Alle tre likar å bruke strikking som terapi eller som avkobling frå ein hektisk kvardag. Dorthe nemner også meistringskjensla og at det å kunne skape noko sjølv ofte er betre enn å kjøpe dei finaste plagg. Arne & Carlos håpar at strikkarane kan setje sitt eige særpreg på det dei strikkar, og vere kreative.
Pål oppfordrar oss alle til å slå av Facebook i kveld til fordel for strikkepinnane. For dette var nok ikkje siste strikk.