Krimfest på Hovedscenen

Er krimlitteratur berre krimlitteratur eller kan vi finne skilnadar også innanfor denne sjangeren? Når Fredrik Wandrup inviterar til krimfest på Hovudscena på fredag, så er det fire svært så ulike forfattarar han har med seg. Eller er dei det?

Skrevet: september 13, 2014

Av: Elin Lillebø

Det fyrste dei har til felles er at dei alle er aktuelle med ei ny, spanande krimbok denne hausten. Men, no ynskjer Wandrup å nyansere. Han seier at Trude Teige si nye bok Jenta som sluttet å snakke er ein bygdekrim, medan Tom Kristensen si nye bok Dødspakten er ein internasjonal thriller, Maurtuemordene av Hans Olav Lahlum går som klassisk krim og Jon Øystein Flink er aktuell med Mord i oppgangen som er ein – Og, her stoppar både Fredrik Wandrup og Jon Øystein Flink. For kva liknar på Mord i oppgangen? Kan boka i det heile tatt kategoriserast? Fredrik hamnar på absurd Oslo-krim som ein aktuell sjanger for denne boka, medan forfattaren sjølv er litt usikker på om det passar best. Han nemner den danske forfattaren Dan Turèll som ein inspirator.

Etter at skilnaden på bøkene er stadfesta, så går samtalen vidare til noko som klart må vere felles. Nemleg det å finne namn på heltane og skurkane. Då ler Hans Olav Lahlum og fortel at namn ikkje er berre, berre for ein forfattar. Han sjølv vart ein gong oppringt av ei dame som lurte på kvifor han lot henne bli drepen på side 4 i boka. Forfattarane ler og er einige om at det å velje namn kan vere ei utfordring. Ei utfordring som Jon Øystein Flink nesten slepp i si bok, sidan eg-personen og kjærasten ikkje nemnast med namn i det heile.

Kva så med innhaldet i desse bøkene? Er alt berre fiksjon og underhaldning? Kva vil forfattarane seie til lesaren sin? Trude Teige fortel om at ho kan lyfte fram grupper i bøkene sine og vere ei kritisk røyst sjølv om ho underhaldar med krimmen sin. Tidlegare har ho lyfta fram eldreomsorgen, tyskerungane og barneheimskandalen. I denne boka er bakteppet eit bedehusmiljø i ei bygd på vestlandet. Ho trur lesaren ynskjer noko meir enn ”det var han som gjorde det”. Lesaren ynskjer å vite kvifor, så kjem kven i andre rekkje.

Også Tom Kristensen uttrykkjer eit engasjement for samfunnet. I tidlegare bøker har han skrive om krigsseglarane og nordsjødykkarane. I Dødspakten skriv han om norske soldatar og hovudpersonen som ser noko han ikkje burde ha sett. – Eller burde han det? spør Fredrik Wandrup.

Tom Kristensen og Jon Øystein Flink skriv ikkje om ein einskild seriefigur, slik Trude Teige og Hans Olav Lahlum gjer. Hans Olav Lahlum skriv om ein seriemordar i Maurtuemordene, noko som kanskje ikkje er så vanleg her i Norge, men plottet leverar nettopp slik lesaren ventar frå den klassiske Hans Olav Lahlum. – Kva er det så med denne maurtua? spør Fredrik, men den bit ikkje forfattaren på. Han røper berre at bileter av maurtuer ser ut til å dukke opp som spor etter mordaren.

Så. Er krim berre krim? Fredrik viser fram mangfaldet ved å presentere dei forfattarane som er kremen av norsk krim. Hans Olav Lahlum siterer ein annan kjend forfattar: ”Husk at krimlitteratur er nettopp det. Litteratur.”